Jakta på EU-milliardane
I samarbeid med Framtidslaben inviterer vi til workshop 5. mars. Målet med workshopen er å øke forståelsen for rundt EU-midler, samt andre regionale og nasjonale innovasjons- og forskingsmidler.
EU forvaltar verdas største forskings- og innovasjonsfond på 1 000 milliardar kroner og framtidslaben ønsker å hente noko tilbake for å bygge ein smart og berekraftig region.
Vi inviterer difor til workshop 5. mars klokka 09.30 - 14.30 på framtidslaben på Campus, NMK.
Målet er at vi saman skal bli betre til å sjå kva som er mogleg når det gjeld EU-midlar og deira rammer. Vi skal også sjå på andre regionale og nasjonale innovasjons- og forskingsmidlar. Dagen skal også stimulere til prosjektarbeid innan område som treng utvikling og nye løysingar for ei berekraftig og smart framtid.
Program
Framtidsnavigatør ved framtidslaben, Anne Lise Sagen Major, vil inneleie med korte input om deltakarane og dei moglegheitene de representerer.
Etter det, blir det workshop der du som deltakar er velkommen til å melde inn dine spørsmål og bidrag. Det blir rom for å dele kunnskap og erfaring, stille spørsmål og lufte problemstillingar. Forbered deg gjerne om du har konkrete idear å dele. Siste del av workshopen ser vi på potensialet for å jobbe vidare med konkrete prosjektsøknadar. Dagen blir tilrettelagt av leiar for innbyggartorga i Ålesund kommune, Hege Steinsland.
Påmelding
Meld deg på via dette skjemaet til workshop torsdag 5. mars klokka 09.30 - 14.30 i framtidslaben på Campus, NMK. Workshopen er gratis.
Påmeldingsfrist er tirsdag 3. mars.
Arrangørar
Dagen er eit samarbeid mellom partnarane Møre og Romsdal fylkeskommune, NTNU i Ålesund, Høgskulen i Volda, NExTdigital, Forskningsrådet, Innovasjon Norge, ÅKP, SINTEF og Framtidslaben.